Viktig: Informasjon om treningstilbudet for resten av haustsesongen

Postet av Stavanger Bordtennisklubb den 9. Sep 2015





Viktig informasjon til alle aktive medlemmer i Stavanger Bordtennisklubb:

Som mange av dykk veit så skal Radek, trenaren vår for yngre/nybegynnarar flytta til England for å studera. Han flyttar alt komande veke.
Me har ikkje fått tak i nokon ny trenar, og dette får dessverre følgjer for tilbudet som klubben kan gje til den gruppa som Radek har teke seg av:

-Hallen vil vera open i treningstidene, og bord og utstyr vil vera der for medlemmene som før.
-Det vil ikkje bli organisert trening, medlemmene må organisera seg sjølve.
-Ein person frå styret vil alltid vera på trening og kunna svara på spørsmål, registrera medlemmer o.l.
-Dei som er under ein viss alder (grensa er sett til 13 år/ungomsskuleelevar) må vera med nokon som er gamle nok (andre medlemmer eller foreldre) på trening.



Me håpar å få tak i ein trenar snart, kanskje det er nokon av medlemmene som kan ta på seg dette? Ta i så fall kontakt!

Helsing Styret i SBTK
v/Roald
e-post:

styret_at_sbtk.org


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.