Viktig: Informasjon om treningstilbudet for resten av haustsesongen
Postet av Stavanger Bordtennisklubb den 9. Sep 2015
Viktig informasjon til alle aktive medlemmer i Stavanger Bordtennisklubb:
Som mange av dykk veit så skal Radek, trenaren vår for yngre/nybegynnarar flytta til England for å studera. Han flyttar alt komande veke.
Me har ikkje fått tak i nokon ny trenar, og dette får dessverre følgjer for tilbudet som klubben kan gje til den gruppa som Radek har teke seg av:
-Hallen vil vera open i treningstidene, og bord og utstyr vil vera der for medlemmene som før.
-Det vil ikkje bli organisert trening, medlemmene må organisera seg sjølve.
-Ein person frå styret vil alltid vera på trening og kunna svara på spørsmål, registrera medlemmer o.l.
-Dei som er under ein viss alder (grensa er sett til 13 år/ungomsskuleelevar) må vera med nokon som er gamle nok (andre medlemmer eller foreldre) på trening.
e-post:Me håpar å få tak i ein trenar snart, kanskje det er nokon av medlemmene som kan ta på seg dette? Ta i så fall kontakt!
Helsing Styret i SBTK
v/Roald
styret_at_sbtk.org
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stavanger Bordtennisklubb
Hallen åpner igjen 16.september!
12.06.2024
Jæren Sommerranking
03.06.2024
SBTK Årsmøte torsdag 21. mars kl 19
10.03.2024
Romjulsturnering på Figgjo 30. des
20.12.2023
Resultater fra Kretsmesterskapet
17.12.2023